Søkjer lærar til barne- og ungdomsskule i Solund

For Solund Kommune søkjer me etter ein person som kan jobba som lærarvikar på barne- og ungdomsskulen i 100% stilling. Det er eit ynskje med kompetanse innan fag som tysk, kunst og håndverk og engelsk. Er du ein person som dekkjer denne kompetansen, og som vil trivast i ein øykommune med nydeleg natur kan dette væra ein flott moglegheit for deg.

Snarleg tiltredelse, med varigheit resten av skuleåret 2019-2020. Aktuelle kandidatar vil bli vurdert fortløpande.

 

Me ser etter ein person som:

  • Har kompetanse innan fag som tysk, kunst og handverk og engelsk. Andre fag som kan være aktuelle er f.eks norskopplæring for voksne, musikk og spesialpedagog
  • Kan bruka nynorsk skriftspråk
  • Likar å jobba med mennesker
  • Viser interesse og bidreg til eit godt felles miljø
  • Er god på å samarbeide i team
  • Er profesjonell og påliteleg i sin framtreden

 

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegging og undervisning på mellomtrinn og ungdomstrinn
  • Væra ein del av eit samarbeid med annan faglærar der timane er pararelle (der ein ser behov og moglegheit til dette)

 

Me tilbyr:

  • Godt arbeidsmiljø der det er fokus på å væra løysingsorientert, åpne og fleksible for å få ting til
  • Lønn etter tariff og ut frå utdanning og erfaring. Med 4 års ekstra lønnsansiennitet
  • Samarbeid med faglærar
  • Behjelpeleg med å finne bustad
  • Jobb i ein øykommune med flott natur og gode moglegheitar om ein likar fiske, fjell og andre aktivitetar

 

Søknadsfrist: 23.02.2020

 

For spørsmål, ta kontakt med HR- og kundekonsulent Marianne Loven hjå Adecco. Mobil 474 54 309 eller e-post: marianne.loven@adecco.no